NLT Hordaland

Webtemp har kome med app

Webtemp kom i oktober 2017 med ein App som avløysaren kan laste ned til smarttelefonen sin. For eksisterande Webtemp medarbeidarar gir applikasjonen  rask og enkel tilgang til sin elektroniske cv-profil, timelister, meldingar og dokumenter. Dei kan også spesifisere ønska arbeidstid og ferie, samt søke på ledige stillingar. Dersom den tilsette  er registrert hos fleire medlemslag, vil dei enkelt kunne administrere alle sine forhold i denne Appen.

Appen er tilgjengeleg i App Store og i Google Store.

Appen har ein slik logo:

1.      Gå inn i App Store eller Google Store.

2.      Søk « Webtemp»

3.      Trykk på installer

4.      Når applikasjonen er ferdig nedlasta vel Opne.

5.      Applikasjonen ligg no på telefonen. Den fyrste gongen ein loggar inn, vil ein få beskjed om å velje anten ein firesifra pinkode eller fingeravtrykk, om du har dette på telefonen. Når ein loggar inn att ved seinare anledningar, nyttar ein den firesifra koden eller fingerskann. Ein treng ikkje taste inn brukarnamn og passord.