NLT Hordaland

Tilsettsamling på Hardingasete

Den 16. februar vart det arrangert tilsettsamling for fast tilsette landbruksvikarar og avløysarar.

Dei tilsette fekk ein del informasjon frå administrasjonen. I tillegg fekk dei ein del fagleg påfyll frå veterinær Magnus Nyborg, som snakka om kalveforing, og kor viktig det er med rett foring til rett tid. Tine-rådgjevar Olaug Tveit tok for seg kor viktig det er å tilfredsstilla dei ulike krava for god mjølkekvalitet. Alltid kjekt med litt fagleg og sosialt påfyll!