Tilsettsamling på Brattetaule gard på Radøy

Tysdag 3. april var me samla på tilsettsamling i NLT Hordaland på Brattetaule gard på Radøy.

Me fekk ei flott innleiing frå Tinerådgjevar Anita Stevnebø om kalv og kalvehald. I tillegg valde me tillitsvalde til styret i NLT Hordaland og hovudverneombod. Jorunn Åse Eide Raknes, som er fast tilsett som landbruksvikar, vart vald til styremedlem, og fast tilsett avløysar i Fusa Terje Rød, vart vald til vara medlem i styret. Landbruksvikar og prosjekttilsett i NLT`Hordaland Thea Helena Draugsvoll, vart vald til hovudverneoombod. Etter eit nydeleg måltid lunsj, fekk to av medarbeidarane gåve i høve rund dag. Me avslutta dagen med omvisning på Hedra samdrift på Radøy. Eit stort bruk i vestnorsk målestokk, med to mjølkerobotar.

Thea Helena Draugsvoll, hovudverneombod i NLT Hordaland.

Jorunn Åse Eide Raknes, nytt styremedlem i NLT Hordaland.

Terje Rød, varamedlem til styret i NLT Hordaland.

Jubilantane Jorunn Åse Eide Raknes og Terje Skåre flankerar administrasjonstilsett Silje Namtvedt.