NLT Hordaland

Styrking av beredskapen ved sjukdom

Som ein del av beredskapen ved sjukdom, vil me at landbruksvikarane våre skal ha vore innom dei fleste gardsbruka i sitt område. For å oppnå dette, vil me gjerne bruka den tida landbruksvikaren er ledig, til og vera med på dei gardane som ikkje nyttar oss regelmessig.

Dette tek me oss ikkje betalt for, sidan det inngår i opplæring av landbruksvikaren, og er ei styrking av sjukdomsberedskapen. For å få dette til, er me avhengige av at landbruksvikaren kan koma på kort varsel, og at bonden er med og informerer om utstyr og rutinane på garden. Skal me få dette til i praksis, må me laga ein oversikt over dei bøndene som er interessert i og vera med på dette. Dersom du er interessert i å styrkja beredskapen ved sjukdom på eigen gard, vil du òg vera med med på og styrkja beredskapen ved sjukdom i landbruket generelt. Då kan du melda frå til oss i NLT Hordland, og du vil vera ein av dei som vert kontakta på kort varsel dersom landbruksviakren er ledig.

Altså; send oss ein mail om du vil stå på ei slik liste. sendast til post@nlth.no