NLT Hordaland

Nytt inntektsskjema for sjølvstendige og frilansere(gjeld og bønder)

NAV har laga eit nytt skjema som og gjeld bønder. Dersom du som bonde er sjukemeldt og søkjer sjukepengar må du fylle ut dette skjemaet for å søke om sjukepengar. Send det til NAV saman med del D av sjukemeldinga di. NAV kan ikkje behandle sjukepengesaka før begge dokumenta er mottekne.

Du skal kun fylle ut skjemaet(NAV 08-35.01) ein gong for ein sjukemeldingsperiode.

Når du velger skjema NAV 08-35.01, kjem du til skjemaveiledaren. I denne veiledaren skal du kryssa av for kva dokumentasjon du legg ved søknaden. Du får og opp eit førstesideark. For at NAV skal kunna behandla søknaden raskt ynskjer dei at du sender med førstesidearket.

Les meir på NAV sine sider her!