Ny landbruksvikarsamling i august på Storefjell

Det vert for tredje år på rad arrangert regional landbruksvikarsamling for landbruksvikarar og faste avløysarar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud. 

Samlinga vert i år på Storefjell Høyfjellshotell frå 17. til 19. august. Programmet er ikkje heilt klart enno, men me kan røpa at det vert både fagleg og sosialt påfyll i år også. I år er det Lt Folgefonna og Etne avløysarlag som står for planleggjinga.