Motorsagkurs for utanlandske arbeidarar
25. og 26 februar fekk seks av våre fast tilsette avløysarar delta på motorsagkurs med instruktør Audun L. Eik. Veret viste seg frå si beste side, og kurset vart vellukka.
Kurset vart halde på Fusa. Første dag på Holmefjord Skog og hage. Der var det fokus på stell av sag og utstyr. Andre dag var på hogstfeltet til Magne Gjuvsland. Der fekk kursdeltakarane prøva seg med motorsaga. Deltakarane var ikkje heilt ferske, og dette kunne instruktør Audun L. Eik sjå godt.
Her er kursdeltakarane samla: Frå venstre Nerijus Zaborskis, Julius Ferencas, Edis Balciunas, instruktør Audun L. Eik, Giedrius Zukauskas, Jana Ehlermann og Ruslans Orlovs.