NLT Hordaland

Leigekøyring og maskinutleige

Her vil me presentera kundar som driv leigekøyring og maskinutleige og fakturerar gjennom LTH. Alle våre medlemer er velkomne til å vera med. Dersom me får mange med på denne sida, kan den verta ein stad der stadig fleire ser innom når dei treng leigekøyring eller maskiner/utstyr.
Alle prisar er eks. mva

 

 

Trond Steinstø og Sjur Tarjei Fykse
leiger ut ein hendig og effektiv minilastar, Avant 520, med skuffe, gaflar og utskytbar bom, i Kvam. Den kan anten hentast eller leverast.
Prisar:
Kr.450,-/time, med sjåfør
Kr.900,-/dag, utan sjåfør
Kr.1400,-/helg, utan sjåfør
Levering/henting:  kr. 300,-
Tlf: Sjur Tarjei: 976 65 655

 

Tarjei Aalvik
driv leigekøyring med Gafner turrgjødselvogn. Lasset vert pressa framover mot knivane som kastar gjødsla opp til 30 meter til høgre. Ved god konsistens ligg gjødsla som eit lag med finmalen snus utover bakkane, og du får eit svært godt spreieresultat.
Prisar:
Kr. 550,-/time
Tilkøyring kr. 350/time
Tlf: Tarjei: 911 05 338