NLT Hordaland

Program for Landbruksvikarsamlinga i Jostedalen 

Tysdag 22.9.09:
Kl 11.30: Frammøte. Registrering. Ein kaffikopp.
Kl 12.00: Velkomen.
Kl 12.10. – 18.00: Krisehandtering.
Innleiarar:
Birgit Weel Skram, bedriftssjukepleiar, Ove Lie, bedriftslege, Sogn Bedriftshelseteneste.
Agnar Kveane, brannsjef, medlem i kriseteamet i Luster
kommune.
Kåre Rudningen, veterinær, Mattilsynet.

Målsetjing: Betre rutinane for handtering av små og store kriser på jobb. Alvorleg sjukdom, ulykke og dødsfall samt dyretragediar.

Kl 13.00: Lunsj.
Kl 15.30: Kaffi og frukt.

Korleis reagerer me ved ei krise?
Korleis meistre den vanskelege situasjonen?
Kriseplan.
Kva støtteapparat finst i kommunen vår?
Rollen til dagleg leiar og rollen til LV.
Førebygging av dyretragediar.
Varslingsplikt.
I Influenza A, svineinfluensa – beredskapsplan.
Gruppearbeid
Både landbruksvikarar og dagleg leiar på same gruppe. Har landbrukstenestene/avløysarlaga ein plan over kven som gjer kva ved alvorlege hendingar?
Case. Gruppearbeid.
Innleiarane hjelper til i gruppene.

Diskusjon. Gruppene legg fram resultat av arbeidet.

Eit alvorleg tema. Kva har me lært?

Kl 18.00: Avslutt

Kl 19.30: Middag og sosialt samvær.
Kort presentasjon av bygdeutviklinga i Jostedalen. http://jostedal.no/
Olav Grov, næringssjef i Luster kommune.

Onsdag 23.september
Frukost
Kl 09.00: Ny dag Målsetjing: A)Landbruksvikaren og administrasjonen må vite kva krav bonden har til kvalitet på produkta som blir produsert på garden. B)Oppfrisking av gjeldande og nytt lovverk for dyrevelferd.

Kl 09.00: Krav til kvaliteten på mjølka.
Innleiing: Morten Årset, rådgjevar TINE.

Kl 10.00: Gruppe 1: Gardsbesøk.
God hygiene på mjølkerommet. Kva er viktig å passe på?
Gruppe 2: Reine storfe – dyrevelferd, matvaretryggleik, hudkvalitet, produksjonsøkonomi. Karl Vie, rådgjevar Nortura.

Kl 11.00: Gruppe 1 og Gruppe 2 byter tema.

Kl 12.00: Lunsj

Kl 13.00.-14.00: Ny lov om dyrevelferd frå 1.1.2010. Klipp frå 14-timars BSF-kurs.
Innleiar: Veterinær, Oddfrid Vange Bergfjord, TINE.
Krav til den som eig eller skal passe dyr.
Praktiske følgjer for landbruksvikarane. Diskusjon.
Kl 14.00: Oppsummering av den faglege delen denne dagen.
Kaffi og meire.
Kl 14.30: Avreise frå hotellet til parkeringsplass ved Nigardsbreen (10 minutt med personbil). Dei som ikkje vil på breen kan gå i utstillingane på Breheimsenteret, Nasjonalparksenter http://www.jostedal.com/ eller gå ein tur i lag i fin natur.

Ca. kl 18: Attende til Jostedal Hotell.
Kl 19.30: Middag og sosialt samvær.
Lokal kultur.

Torsdag 24. september
Frukost
Kl 09.00: Utfordring: Utvikle og forbetre landbruksvikarordninga.

Kl 09.00.-11.45: Drift av landbruksvikarverksemd. Erfaringar. Spørsmål.
Ein del av tida oppdelt i grupper. Administrasjon og Landbruksvikarar.

KL 10.30:Kaffi + Fleire daglege leiarar/landbruksvikarar i S. og Fj. + NLT vil førebu denne økta med problemstillingar, diskusjonsspørsmål.
Kom gjerne med innspel til underteikna.

– Fyrste møtet mellom landbruksvikaren og bonden.
– Kva info har bonden fått frå landbrukstenester?
– Landbruksvikaren skal ha eit godt arbeidsmiljø. Kva krav har du som landbruksvikar når du kjem på jobb?
– Fleire lag har distribuert/driv med distribusjon av info-tavler (fjøstavler). Oppfølging.
– HMS. Dokumentert opplæring – oppfølging skjema.
– Økonomien i ordninga.

Kl 12.00: Kursevaluering. Aktuelle tema for neste kurs?
Kl 12.15: Takk for laget.
Kl 12.30: Lunsj og heimreise.

Med helsing
Silje Namtvedt, Landbrukstenester Hordaland og Aud Fossøy, Landbrukstenester Sogn