NLT Hordaland

Landbruksvikarordninga – ein suksess

«Landbrukstenester Hordaland… …er eit av dei laga som verkeleg har fått den nye landbruksvikarordninga til å fungere.»
skriv seniorkonsulent hjå FMH-Landbruksavdelinga, Sonja Ramsvik, i ein artikkel i «Vestlandsk Landbruk».

Ei suksesshistorie
Landbrukstenester Hordaland, som femner om atten kommunar i Hordaland frå Radøy til Granvin er eit av dei laga som verkeleg har fått den nye landbruksvikarordninga til å fungere.

 

 

Med åtte fast tilsette landbruksvikarar på i alt sju årsverk, har dei fylt opp det som dei har fått tildelt av stillingar. Det viser tydeleg at dersom det er vilje, er det råd. Det syner seg òg at når bøndene ser at det faktisk er mogeleg å få hjelp ved sjukdom, og veit at ordninga fungerar, så ringjer dei. Det er difor godt mogleg at talet på stillingar gjennom ordninga er for lågt, og at det må koma tilskot til fleire stillingar i dette området. Det same er truleg tilfelle i andre område etter kvart som bøndene kjenner rettane sine betre, og ser at det er råd å få hjelp.

Trygt å verta sjuk
Det er ei stor tryggleik for bøndene å vita at det er arbeidshjelp å få på garden ved akutt sjukdom. Landbrukstenester Hordaland har teke ansvar, og sender gjerne folk lange vegar for å avhjelpa akutte situasjonar i den første fasen, til det er mogeleg å få til ei fastare ordning lokalt.
Då den kommunale landbruksvikarordninga ikkje lenger var lovpålagd, vart ho stadig oftare ein salderingspost i kommunale budsjett. Resultatet vart at det minka på landbruksvikarane. Ein del kommunar tok ansvar og hadde velfungerande ordningar, men mange kommunar mangla totalt eit tilbod til bønder ved sjukdom. Etter at avløysarlaga fekk ansvaret for ordninga ser det ut til at det har vorte eit mykje betre tilbod, og bøndene er på jamnen langt tryggare ved sjukdom no enn dei har vore på mange år.

Medlemsvekst
Ein av grunnane til at det fungerar så godt i Landbrukstenester Hordaland, er at dei har hatt god oppslutnad mellom bøndene. I dei områda der det er tettast mellom medlemene, er det også lettast å få ordninga til å fungera. Dei freistar difor no å få eit tryggare fotfeste i dei kommunane dei til i dag ikkje har operert i. Som avløysarlag tek dei seg av all utløning av avløysarar og yter anna service til medlemene. Etter at landbruksvikarordninga har teke til å fungera, har dei mellom anna fått 100 prosent oppslutnad frå bøndene i Modalen, ein kommune dei ikkje hadde medlemer i tidlegare. I Vaksdal kommune, der dei heller ikkje har hatt avløysarlag tidlegare, merkar dei òg at bøndene er positive, og har også der fått fleire nye medlemer. Ved å vera medlem i laget. har bøndene ein god tryggleik og ein stad å venda seg med spørsmål om avløysarhjelp. Dei hjelper òg til med å laga avløysarringar for dei som ynskjer å ha fast avløysing. 
 

Tekst: Sonja Ramsvik, Seniorkonsulent FMLA, Hordaland
VESTLANDSK LANDBRUK – 09