Kjenner du rettane dine ved sjukdom og svangerskap?
Ved sjukdom eller fødsel finst det svært gode ordningar bønder kan gjera seg nytte av. Bønder får avløysartilskot til sjukdomsavløysing frå dag ein. Du kan bruka våre landbruksvikarar eller andre avløysarar til dette.
Vert du sjukmeld kan du ha rett på inntil 1400,- kroner dagen.
Du må ha hatt ½ G (kr. 39012,- pr. 2011) i året som næringsinntekt på garden.
Dersom begge ektefellene ha arbeid på bruket er det svært viktig at det vert ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar.
Me ordnar alt papirarbeidet for deg. Ring og spør!
Dersom du er bonde, og vert sjukmeld fins det gode ordningar. For medlemene ordnar me med alt papirarbeidet og søkjer om refusjon.
Avhengig av produksjonen har ein rett på ein viss sum for dagen 7 dagar i veka til å dekkja lønsutgifter. Dette gjeld frå fyrste dag For 2012 er maksimalsatsen kr. 1400,- pr dag. Det er dyretal pr 1/1 som er avgjerande for kor mykje du får dekka, og det er ferie- og fritidstilskotet som gjev grunnlaget.
Avløysartilskott Ferie og fritid for husdyrprodusentar |
Veksthusareal for veksthusprodusentar |
Maksimalt tilskott til sjukdomsavløysing pr. dag |
kr. 5 000-12 000 |
285-714 kvm |
kr. 475,- |
kr. 12 001-18 000 |
715-1071 kvm |
kr. 690,- |
kr. 18 001-24 000 |
1072-1429 kvm |
kr. 925,- |
kr. 24 001-30 000 |
1430-1786 kvm |
kr. 1160,- |
kr. 30 001-58 000 |
1786kvm – |
kr. 1400,- |
Bønder som driv planteproduksjon på friland, og birøktarar har også rett til sjukdomsavløysing i vekstsesongen.
For å rekna ut tilskottet til sjukdomsavløysing gjer du slik:
Produksjon |
|
Dekar frukt og bær x |
kr. 832,- |
Dekar grønsaker og andre frilandsvekstar x |
kr. 468,- |
Tal bikuber x |
kr. 130,- |
Deretter ser du i tabellen over og finn ut i kva intervall du hamnar i fyrste kolonna. Då finn du maksimaltilskottet for sjukdomsavløysing i kolonna til høgre.
Frå maksimaltilskottet skal det trekkjast, pensjon, løn, sjukepengar og evt. tapt arbeidsforteneste som du får dekka av arbeidsgjevar eller på annan måte. Dette siste kan for mange virka urettferdig, men slik er det.
Frå og med dag 17 går du over på sjukepengar som vert utrekna etter næringsinntekta. Dette er hovuddraga i ordninga.
Ring oss om noko som helst er uklart.
Me er her for deg!