NLT Hordaland

Innkalling til krinsmøter


 

Innkalling til krinsmøter
Norske Landbrukstenester Hordaland SA

Alle kan sjølsagt møta ein annan stad enn krinsen «sin»

 

 Krins  Møtestad  Tid
 Kvam/Granvin Kvam Fruktlager   Tysdag 26.02.13 Kl 20:00
 Fusa/Bergen Kafeen Fjordn Senter   Torsdag 28.02.13 Kl 20:00
 Osterøy, Vaksdal, Modalen Osterøy Museum   Måndag 04.03.13 Kl 20:00
 Nordhordaland  Smiths, Manger  Torsdag 07.03.13 Kl 20:00


Tema til informasjon og drøfting
Seniorprosjektet. Rekruttering av tidlegpensjonerte som vikarar.
-Disponering av framtidig overskot. Korleis bør me tenkja her?
-Kompetanse. Me er i gang med avløysarkurs og motorsagkurs for framandspråklege.
Valfag i ungdomsskulen m.m.
-Landbrukstingingane. Me har innspel her, m.a. framlegg om redusert aldersgrense
til 15 år for avløysarane.
-Landbruksvikarordninga.

På krinsmøte skal elles føgjande saker handsamast
1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av møteleiar.
3. Val av skrivar
4. Val av to til å skriva under protokollen.
5. Gjennomgang/drøfting av året som gjekk, rekneskap for 2012, framlegg til arbeidsplan og budsjett for 2013.
6. Val av to årsmøteutsendingar for to år og to varafolk for eit år til desse.

Noko å bita i vert det og!
Skal me gjera eit godt arbeid, er det viktig med ein god dialog med eigarane!

Vel møtt!!