HMS – kvifor skal du bry deg?
Yrkesstoltheit og bevisstheit på HMS høyrar saman!
Helse handlar om å ha eit arbeid som gjer at du er opplagd i fridtida også. At du kjem «heil» og uskadd heim slik at både du og familien får glede av deg og pengane som du slit for kvar dag.
Miljø betyr at arbeidsplassen din er ryddig, triveleg og fri for støv, røyk og gass. Det betyr også at arbeidsoppgåvene er utfordrande og at du får høyre når du gjer ein god jobb. Miljø tyder å føle at ein høyrer til og er med «på laget»
Sikkerheit handlar om å minske risikoen for ulykker. Det beyrjar med di eigen innsats, at du tenkjar deg om og ikkje tar sjansar.
Dei fleste brukar sikkerheitsbelte i bilen. Tenk sikkerheitet på garden også!
For meir informasjon om korleis du kan bruke HMS på garden sjå HMS-handboka for Avløysar
Forebygge HMS – Vanlegvis er det lett å sjå andre sine feil. Å seie ifrå om ting som kan skape ein farleg situasjon er
ikkje å sladra eller å kritisere, men å førebyggje skadar og ulykker.
Det er å gje uttrykk for omtanke og eit ynskje om å forbetre arbeidsplassen. Dette er haldningar som både du og
bonden tener på. Hugs, det er bondens arbeidsplass også!
– henta frå HMS – Handboka for avløysar i landbruket som er utvikla av NLT. Den er forebels på norsk, litauisk og polsk.