NLT Hordaland

Har du framleis unytta ramme for avløysartilskot?

Har du løna ut heile tilskotet til ferie og fritid? 
Ta kontakt i dag!!

 

Det er framleis rundt 6,5 millionar tilskot til  ferie og fritid hjå våre medlemer som ikkje er løna ut.

Me hjelper gjerne med utrekning av timetal, så ta kontakt på telefon eller epost! 

Trude 41531492

Epost: marie@nlth.no

For dei som vil rekna det ut sjølv, fungerer det slik:

I Modalen, Granvin og Kvam er det 10,6% arbeidsgjevaravgift, og der finn de timetalet ved å dela det unytta tilskotet på 1,33472. Då får de eit tal som de deler på timeløna til avløysaren. NB:Dersom avløysaren er over 60 år, har han rett på ei ferieveke ekstra, og faktoren vert då: 1,360158

Døme Modalen, Granvin og Kvam:

( Unytta tilskot )50000 : 1,33472( alt 1,360158 ) = 37461

37461 : 150 (timeløna) = 249 timar, som må lønast ut i 2013

I alle andre kommunane våre er det 14,1% arbeidsgjevaravgift, og der finn de timetalet ved å dela det unytta tilskotet på 1,3739. Då får de eit tal som de deler på timeløna til avløysaren.NB:Dersom avløysaren er over 60 år, har han rett på ei ferieveke ekstra, og faktoren vert då: 1,400163                                                                                                                                                        

Døme andre kommunar :

( Unytta tilskot )50000,- : 1,37392 (alt 1,400163 ) = 36393

36393 : 150 (timeløna) = 243 timar, som må lønast ut i 2013

 

Terje