Formann for den litauiske arbeidsstokken

Arunas Keturakis er arbeidsformann for den stadig veksande litauiske arbeidsstokken. Han har vore tilsett i LT Hordaland i 10 år og kjenner både det norske samfunnet og det litauiske miljøet godt.

 

 

  Arunas er ein svært sentral person for oss i arbeidet med å rekruttera litauiske arbeidarar. Det gjer at me kan vera sikre på å få flinke og arbeidssame kvinner og menn inn i arbeidsstokken.