NLT Hordaland

Er praktikantordninga noko for deg?

Med ein praktikant kan du få god hjelp på garden samstundes som du er med på å sikra rekrutteringa både til avløysaryrket og jordbruket elles. Det er gode tilskotsordningar, og god oppfylgjing.

     

Hovudmålet med praktikantordninga er å sikra rekruttering til landbruket og andre landbruksrelaterte næringar.

Praksisverten skal gje praktikanten mest mogleg allsidig opplæring innan den næringa han/ho driv. Døme på stader ein kan arbeida som praktikant i landbruket er gardsbruk, gartneri, skogbruk eller nye typar tilleggsnæringar. Ordninga er meint å gjera det mogeleg for ei breiare gruppe å få landbrukspraksis. Det er ikkje alle som er frå gard og har fått arbeid og årsrytme inn med morsmjølka.

Gjennom organisering og økonomisk stimulering skal ordninga bidra til å gje fleire høve til å få praksis i landbruket. I tillegg til tradisjonelt jord- hage- og skogbruk, kan også nye næringar innan landbruket koma inn under ordningen. Det er ynskelig at det vert lagt til rette for ein allsidig praksis, til dømes ved at to eller flere praksisvertar går sammen om ein praktikant. Praktikanten skal i løpet av praksisperioden få kjennskap til landbruksarbeid gjennom teoretisk opplæring, rettleiing og praktisk arbeid.

Målgruppa er personer i alderen 16 – 30 år som ynskjer praksis og utdanning innan landbruket.

Kan du tenkje deg å vere praktikant, eller å ha ein på garden kan du ta kontakt med oss i NLT Hordaland, som kan opprette kontakt mellom gardbrukar og praktikant. Me hjelper dykk òg med utfylling av søknadsskjema.

I Hordaland fylke er det ikkje sett nokon søknadsfrist for ordninga. Søknaden skal sendast til landbrukskontoret i kommunen, men ordninga vert forvalta av landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål. Du kan òg kontakta Sonja Ramsvik hjå fylkesmannen.