Eit tett og fruktbart samarbeid
Hardanger Rekneskap og LT Hordaland har eit tett og nært samarbeid. LT Hordaland leiger mellom anna all rekneskapsføring derifrå, og me har felles sentralbord.
![]() |
Dagleg leiar i Hardanger Rekneskap BA, Torgrim Aalvik |
Men Hardanger Rekneskap er meir enn berre eit rekneskapskontor for bønder. Dei fører rekneskap for alle slag firma, lag og organisasjonar. Dei driv mellom anna mykje med taksering av landbrukseigedomar og hjelper til ved eigarskifte. Sivilagronom Arne L. Aksnes har lang røynsle som takstmann, og takserte 32 landbrukseigedomar berre i 2009. Firmaet er organisert som eit deltakareigd BA. Det vil seia at er du kunde er du medeigar. Selskapet har i dag ni tilsette og har vore i bransjen sidan 1970. Dersom du har interesse av å føre rekneskapen sjølv kan du leiga server(ASP) og ta deg av heile eller deler av rekneskapen sjølve. -Ein del vel å ta alt sjølve og ha det liggjande på vår server, andre fører alle bilag og fakturerar sjølve og overlet til oss å ta årsoppgjeret, fortel dagleg leiar Torgrim Aalvik. -Me driv òg med økonomisk rådgjeving undervegs, og hjelper folk som vil starta firma, i gang med det formelle og det rekneskapstekniske. Kundane har ulike ynskje og behov, og me skerddarsyr meir enn gjerne løysingar som høver for den einskile kunden, legg han til. Det at me er samlokaliserte med LT Hordaland og har eitt tett samarbeid med dei, gjer det enklare for kundane. Dei som er medlemer begge stader, og fører rekneskapen hjå oss samstundes som dei nyttar seg at avløysar- og lønskøyringstenestene til LT Hordaland har eit enklare og betre liv enn andre bønder, legg ein gledesstrålande og optimistisk Torgrim Aalvik til. |