Avløysarkurs for utanlandske avløysarar
Den 11. mars vart det arrangert avløysarkurs for utanlandske avløysarar. Dei fekk grundig innføring av Tinerådgjevarane Anita Stevnebø og Olaug Tveit.
Tema som vart gjennomgått var korleis fore og mjølke best mogleg for å få kyr og ungdyr til å yte best mogleg. Avløysarane som deltok sette stor pris på å få eit slikt kurs, og dette er noko me i Norske landbrukstenester Hordaland vil fortsetje med. Teoridelen av kurset vart halde på kontorlokala til Hordaland bondelag, i Krokeidevegen 13, og den praktiske delen av kurset fekk dei på garden til John Grindevoll på Lepsøy.