NLT Hordaland

Avløysarkurs 8.-9. april 2011

Me hadde avløysarkurs  fredag 8. til laurdag 9. april. Kurset gjekk føre seg på Hotel Jarl på Voss.  Me satsar på å arrangere slike kurs ein gong i året. Er du interessert? Ta kontakt via mail eller telefon: silje@avloysing.no , 41531490/94.

   

   Frå praksisdelen av kurset i fjor

Olaug Tveit starta kurset med å snakke om mjølking og mjølkekvalitet. Fredag ettermiddag besøkte me Gjelland gard i Bordal. Der vart me vel teken imot, og deltakarane fekk prøve seg sjølv i mjølkegrav. Olaug var med som læremeister. Laurdagen foreleste veterinær Asle Bjørgås om dyrehelse og sjukdomsteikn, og Karsten Valland frå Tine fortalte om kor viktig det er med rett fôring. No er deltakarane klare for å ta praksisdelen av kurset, og dei treng praksisvertar. 
 

Å vera avløysar er eit sunt og variert arbeid…

 

Gjennom Landbrukstenester Hordaland, kan du få ein variert kvardag med deltidsarbeid som avløysar.  Arbeidet er fyrst og fremst fjøsstell, foring og mjølking, men anna førefallande gards- og skogsarbeid kan òg vera aktuelt.

 
  Landbrukstenester Hordaland vil gjerne koma i kontakt med ungdomar som kan tenkja seg arbeid  kveldar, helgar og feriar. Å arbeida som avløysar krev ein del kunnskap. Dei som skal arbeida som avløysarar for oss må difor på kurs.  
  Kurset varar ei helg. Deretter vil de få praksis hjå ein mjølkeprodusent før de vert sleppte ut på eiga hand. Me vurderer òg å skipa til kurs for førarkort på traktor, og kurs i bruk og stell av motorsag, dersom me får mange nok interesserte.  

…der du har kontakt med både folk, dyr og natur.