Administrerer vaskehjelper
Giedre Keturakiene administrerer vaskehjelper som NLT Hordaland har i arbeid, både privat og ute i bedrifter. Me tilbyr rimeleg nedvasking av hus og regelmessig reingjering i heimen. Gode referansar. Prøv oss!!!
NLT Hordaland har etterkvart teke på seg vasking i mange heimar. I tillegg har me oppdrag i ein del bedrifter. Arbeidsstokken er i hovudsak litauiske. Desse gjer ein kjempeflott innsats, og me får mange gode tilbakemeldingar om godt utført arbeid. Enten det er travle folk i sin beste alder, eller andre som dreg på åra, men kjenner at det kan vera greit med litt ekstra hjelp i huset, er det berre å ta ein telefon. Me tek dei fleste utfordringane på strak arm.