Vil du verta avløysar?

Å vera avløysar er eit sunt og variert arbeid…














 


Gjennom Landbrukstenester Hordaland, kan du få ein variert kvardag med deltidsarbeid som avløysar.  Arbeidet er fyrst og fremst fjøsstell, foring og mjølking, men anna førefallande gards- og skogsarbeid kan òg vera aktuelt.

 
 Landbrukstenester Hordaland vil gjerne koma i kontakt med ungdomar som kan tenkja seg arbeid  kveldar, helgar og feriar. Å arbeida som avløysar krev ein del kunnskap. Dei som skal arbeida som avløysarar for oss må difor på kurs. 
 

Kurset varar ei helg. Deretter vil de få praksis hjå ein mjølkeprodusent før de vert sleppte ut på eiga hand.


 Me vurderer òg å skipa til kurs for førarkort på traktor, og kurs i bruk og stell av motorsag, dersom me får mange nok interesserte.

 


…der du har kontakt med både folk, dyr og natur.