Vert medlem du også!

12.-14. oktober fekk mange ein fargerik brosjyre i posten. Som i fjor har me i Landbrukstenester Hordaland sendt ut informasjon om oss sjølve til alle bønder i området. Vona er at fleire skal sjå fordelen med å vera medlem.

Alle kan vera med!

Landbrukstenester Hordaland er eit bondeeigd selskap, eit samvyrkeføretak av typen BA. For 200 kroner er du medlem og medeigar
med alle rettar og føremunar. Det er heller ikkje noko årleg medlemsavgift.
Landbrukstenester Hordaland er heilt open og helsar alle næringsdrivande bønder velkomne som eigarar/medlemer.

Landbrukstenester Hordaland i 18 kommunar
Me femner i dag om 18 kommunar i Hordaland. Desse er:
Bergen, Os, Samnanger, Fusa, Sund, Fjell, Askøy, Øygarden, Fedje, Kvam, Granvin, Vaksdal, Modalen, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Osterøy.
Det er kring 1200 bønder i dette området. Og alle de kan verta eigarar/medlemer hjå oss.

Mange føremonar
Det er mange føremonar knytt til å vera med i LT Hordaland, fordi me:

– Organiserer og formidlar avløysing i landbruket.
– Har arbeidsgjevaransvar for avløysaren.
– Utfører alt løns- og personalarbeid.
– Syter for god forsikring for avløysaren.
– Skaffar all dokumentasjon i samband med søknad om avløysartilskot.
– Informerer om rettar og reglar i velferdsordningane.
– Tek ansvar for sjukdomsavløysing.
– Hjelper til med søknad om sjukepengar.
– Gjev avløysaren ordna arbeidstilhøve
– Skipar til avløysarkurs
– Gjer alt me kan for å skapa tryggleik og trivnad i arbeidet.

Medlemer sparar 3,5 prosent!
Frå nyttår i 2007 vart ordninga med diffrensiert arbeidsgjavaravgift lagt om. Den største endringa gjekk på at det frå den dagen var arbeidsgjevaren si lokalisering og ikkje bustadkommunen til arbeidstakaren som vart avgjerande for
satsen.
For vår del har det ført til at medlemene i alle kommunar så nær som Kvam og Granvin får redusert arbeidsgjevaravgifta på avløysar- og andre vikartenester gjennom oss. Innsparinga vert på 3,5 prosent (ned frå 14,1 til 10,6). Så det å vera medlem i Landbrukstenester Hordaland er god økonomi. Administrasjonspåslaget vårt er på 4,1 prosent, så me kan faktisk seia at medlemene utanom Kvam og Granvin held seg med tilnærma gratis avløysarlag. Så det å vera medlem i Landbrukstenester Hordaland er god butikk for alle bønder.

Meld deg inn her!