Steinsortering i Kvernura

Hardangerskifer AS er eit av dei firma som vel å leiga arbeidskraft gjennom Landbrukstenester Hordaland. Avtalen kom i stand då Hardangerskifer skulle ha folk til eit nytt sorteringsanlegg for murstein.


   

Kestutis (t.v) og Valdas (t.h) står delvis på sorteringsanlegget, og driv elles med anna førefallande arbeid ved steinbrotet på Sollesnes (Foto: Arne Isak Flatabø)

I tillegg til ein fast stab på 18 personar leiger dei to vikarar frå Landbrukstenester Hordaland. Valdas og Kestutis arbeider på sorteringsanlegget i tillegg til å gjera ein del førefallande vedlikehaldsarbeid. Arne Isak Flatabø hjå Hardangerskifer er godt nøgd, både med arbeidet og ordninga. Tidlegare føregjekk sorteringa med gravemaskin og handemakt av ein innleigd entreprenør.
­
– Det vart ei altfor høg fysisk belastning på arbeidstakarane. Me hadde òg for dårleg oversyn over massane og det vart for mykje svinn. Då det nye sorteringsanlegget kom på plass, fann me at me skulle halda fram med innleigde folk til det arbeidet, fortel Flatabø. 
Lettare å manøvrera
– Me føler heilt klart at me var flinke i forkant av finanskrisa. Me innførde tilsetjingsstopp og tok vekk ulønsam produksjon. Mellom anna la me ned deler av skiferproduksjonen. Me var difor ferdige med slankekuren før finanskrisa slo til for alvor. Når sorteringsanlegget kom på plass ville me vera meir manøvreringsdyktige. Det å nedbemanna er ikkje noko kjekt, og det er tryggare og meir fleksibelt å ha vikarar som kan byta arbeidsoppgåver på kortare varsel
Ein suksess
– Sortering av handstein har alltid vore gjort av innleigde folk. No har me maskiner sjølve, men slik situasjonen er, var me likevel litt redde for å tilsetja folk fast. Difor er det eit svært godt alternativ for oss å leiga hjå Landbrukstenester Hordaland. Me er svært godt nøgde med arbeidsfolka, og i lag med nytt sorteringsanlegg har me fått ein høgare produksjon og jamnare kvalitet, fortel Flatabø.
Hardangerskifer AS tek ut murstein i eit steinbrot som har vore i drift sidan mellomalderen, med små avbrot fram gjennom soga. Dei produserer med kring tjue årsverk, om lag 40 tusen tonn murstein og 1000-1500 kvadratmeter skifer, og har ein omsetnad på mellom 25 og 30 millionar kroner i året.