Sjukdomsavløysing

Sjukdomsavløysing

Vert du sjukmeld kan du ha rett på inntil 1530,- kroner dagen. Du må ha hatt ½ G (kr. 46288,- pr. 1.5.2016) i året som næringsinntekt på garden. Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det vert ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar.

Dersom du er bonde, og vert sjukmeld fins det gode ordningar. For medlemene ordnar me med alt papirarbeidet og søkjer om refusjon. Avhengig av produksjonen har ein rett på ein viss sum for dagen 7 dagar i veka til å dekkja lønsutgifter. Dette gjeld frå fyrste dag. For 2017 er maksimalsatsen kr. 1530,- pr dag. Det er dyretal pr 1/1 som er avgjerande for kor mykje du får dekka, og det er ferie- og fritidstilskotet som gjev grunnlaget.

Avløysartilskot

Ferie og fritid for husdyrprodusentar

Veksthusareal for veksthusprodusentar Maksimalt tilskot til sjukdomsavløysing pr. dag
kr. 5 000-12000 285-714 kvm kr. 520,-
kr. 12 001-18 000 715-1071 kvm kr. 755,-
kr. 18 001-24 000 1072-1429 kvm kr. 1010,-
kr. 24 001-30 000 1430-1786 kvm kr. 1265,-
kr. 30 001- 1786kvm – kr. 1530,-

 

Bønder som driv planteproduksjon på friland, og birøktarar har også rett til sjukdomsavløysing i vekstsesongen.

Deretter ser du i tabellen over og finn ut i kva intervall du hamnar i fyrste kolonna. Då finn du maksimaltilskottet for sjukdomsavløysing
i kolonna til høgre. Frå og med dag 17 går du over på sjukepengar som vert utrekna etter næringsinntekta.
Dette er hovuddraga i ordninga
NB!
Frå det utrekna tilskottet skal det trekkjast, pensjon, løn, sjukepengar og evt. tapt arbeidsfortenester som du

får dekka av arbeidsgjevar eller på annan måte. Dette siste kan for mange virka urettferdig, men slik er det.
Me ordnar alt papirarbeidet for deg når det kjem til utlønning og søknad av refusjon.
Alt du må gjere er å sende dette til oss:
-Sjukemelding del C. Del D sender du til NAV. Alle må søka sjukepengar hos NAV frå og med dag 17.
-Kopi av sjølvmeldinga for dei to siste, kjente åra. Det vil sei 2014 og 2015.
-Kopi av lønslipp, dersom du har lønsinntekt i annan jobb utanfor garden.
-Timelister for perioden.
-Kopi av utbetaling av sjukepengar frå NAV, der dagsatsen syner.
-Gjeld søknaden avløysing i samband med fødsel skal fødselsattest leggjast ved.
-Signert søknadsskjema som me lagar til for deg.
Ring dersom noko er uklart.

Her finn du skjema for sjukdomsavløysing

Her finn du inntektsskjema

Her kan du lesa meir om inntektsskjemaet som du må fylle ut(NAV).