NLT Hordaland

 

Trebåtfestival

Arunas og Mantas pyntar opp Norheimsund sentrum til trebåtfestival som skal vera i helga.

Administrerer vaskehjelper

Giedre Keturakiene administrerer vaskehjelper som NLT Hordaland har i arbeid, både privat og ute i bedrifter. Me tilbyr rimeleg nedvasking av hus og regelmessig reingjering i heimen. Gode referansar. Prøv oss!!!

Kjenner du rettane dine ved sjukdom og svangerskap?

Ved sjukdom eller fødsel finst det svært gode ordningar bønder kan gjera seg nytte av. Bønder får avløysartilskot til sjukdomsavløysing frå dag ein. Du kan bruka våre landbruksvikarar eller andre avløysarar til dette.

Bruk elektroniske timelister!

NLT Hordaland tek no spranget inn i det papirlause samfunnet. Med ein link til eit webbasert program kan arbeidstakaren leggja inn timane sine direkte, og oppdragsgjevaren/bonden kan kontrollera på nett.