Malin sluttar hjå oss 1.9

Malin svevar vidare på ei rosa sky!

Malin kom til NLT Hordaland som lærling i august 2015, og me forstod raskt at dette var eit godt val av oss. Gjennom dei to åra har ho fått prøvd seg på det meste av arbeidsoppgåver i administrasjonen, og me er imponert over kor raskt ho har lært. Ho har tatt kvar utfordring på strak arm, og me var ikkje overraska då ho bestod fagprøven i juni.

No har det seg slik at Malin forelska seg i ein grepa kar, og ho har derfor valt å slutta hjå oss for å flytta til Haugesund.

Me ynskjer Malin lukke til på ny plass.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *