Leig ein landbruksvikar!

Landbruksvikarane i NLT Hordaland er mykje brukt til oppdrag av ulik art.

 

Landbruksvikarane har sjukdomsavløysing som førsteprioritet. Under sjukdomsavløysinga har landbruksvikaren 7,5 timars dagar, og bonden vert aldri fakturert for meir enn max. takst for refusjon sjukdomsavløysing, som for tida er kr. 1300,-. Når landbruksvikarane ikkje er i oppdrag som sjukdomsavløysar, hender det stundom at det er litt vanskeleg å finna oppdrag til dei. Dette vil me sjølvsagt endra på! Landbruksvikarane er ein forsikring for alle bøndene i området til NLT Hordaland, om ein er medlem eller ikkje. For å halde på den gode arbeidskrafta, treng me meir oppdrag. Landbruksvikarane våre er allsidige, og kan gjera mykje anna enn å mjølka og gje mat til dyra. Har du ein vedateig? Har du anna forefallande arbeid som du aldri ser deg tid til? Maling? Gjerding? Nedvasking? Ta kontakt med arbeidsformidlar i NLT Hordaland, Silje Namtvedt, silje@nlth.no 

eller Vidar Torsvik, vidar@nlth.no

Å leige ein landbruksvikar kostar kr. 220,- pr time pluss moms. Du betaler ikkje for halv eller heil dag, men pr. time. For oppmøte vert  minimum to timar fakturert.