Landbruksmeldinga om jordbrukspolitikk

Regjeringa la fredag fram Stortingsmelding 11 – Landbruksmeldinga.

Innanfor vårt fagfelt så er eit av forslaga i meldinga å avvikle tilskottsordninga til avløysing ved ferie og fritid. Det er eit ønske å overføre midlane som eit auka husdyrstilskott. Avløysarordninga for sjukdom m.v. er foreslått som før. I tillegg så er det foreslått avvikling av Tidligpensjonsordninga for nye mottakere. Heile meldinga finn du her.

Norske Landbrukstenester (NLT) sin umiddelbare reaksjon på dette forslaget er at vi redd for at dette på sikt vil gå ut over bondevelferd og dyrevelferd.

Det vil etter kvart bli vanskeleg å ha kvalifisert arbeidskraft tilgjengeleg, for å tilfredsstille beredskapen ved sjukdom og krise hos bonden. Utan nok etterspørsel etter avløysarar ved ferie og fritid vil det ikkje vera igjen arbeidskraft som kan steppe inn på kort varsel ved akutt sjukdom og krise. Ved ei omlegging så reknar vi med å sjå ein lågare etterspørsel etter avløysing ved ferie og fritid av ulike årsaker;

  • Utan øyremerking av midlar vil det vera vanskeleg å prioritere ferie og fritid ved ein pressa likviditet.
  • Mindre avløysing i «ordna forhold» då det ikkje er krav om kontroll av tilskottet.
  • Lettare å redusere dagens løyving i framtida dersom midlane ikkje er øyremerka.
  • Press i frå WTO om reduksjon i direkte tilskott.

Dei som i dag mottek tilskott til ferie og fritid har ansvar for husdyr og kan ikkje samanliknast med andre sjølvstendige næringsdrivande. Ein er avhengig av at det er nokon som overtar drifta dersom ein sjølv vert sjuk eller har ferie.

Ein konsekvens av mindre ferie og fritid kan bli meir sjukdom hos bonden, som i neste omgang føre til større etterspørsel etter vikarar ved sjukdom. Det er i dag Landbrukstenestene som har tatt på seg ansvaret for akutt beredskap ved sjukdom og kriser gjennom Landbruksvikarordninga. Ei forutsetning for å ha tilstrekkeleg beredskap i denne ordninga er at vi har nok personar i ferie- og fritidsordninga. Det er dei same personane som arbeidar innan begge ordningar. Ein konsekvens kan bli at NLT ikkje kan ta på seg ansvaret for beredskapen i framtida.

Dersom vi kjem i ein situasjon der det ikkje er beredskap ved sjukdom og krise vil dette i første omgang gå ut over velferda til bonden, men også dyrevelferda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *