Interessert i arbeid?

Er du bonde og interessert i deltidsarbeid?

Å vera ein del av arbeidsstokken til NLT Hordaland,
kan gje deg ein variert og interessant kvardag


         


NLT Hordaland sysselset meir enn 1000 personar gjennom året. Organisasjonen er skapt av og for bønder, og det at me no er eit fullverdig  vikarbyrå gjer at me lettare enn nokon gong kan forsyna landbruket med den arbeidshjelpa som trengs.

Samstundes er det slik at mange bønder har strie dagar. Mange må ha fast arbeid utanom garden for å få det til å gå ihop. Me trur at dersom bøndene kunne få vera heime når det trengs og ha nok arbeid utanfor garden i dei periodane då det er mindre å gjera heime, så hadde dei valt det. Dersom våre vyer og voner for framtida slår til, kan dette faktisk verta situasjonen for stadig fleire. Me er interesserte i å koma i kontakt med fleire bønder som kan tenkja seg eit liv som bonde på heimegarden og vikar for næringslivet. Sakte men sikkert ynskjer me å veksa til å verta eit vikarbyrå som sysselset bønder med ledig tid i større grad enn i dag.

I Austerrike har «Maschinenring Austerreich» vakse til å verta det tredje største vikarbyrået i landet, og «Maschinenring Personelleasing» har skaffa seg eit namn som kling godt i øyra hjå næringslivet. Bønder er fleksible og allsidige, og har vorte populær arbeidskraft i Austerrike.

Dersom me steller oss rett kan dette verta tilfelle også her.

Ta kontakt for ein prat om dette høyrest interessant ut.