Forholdsregler for å unngå brann

No i desse solfylte dagane er det greitt å ha i tankane at det er risiko for brann.

Nokon forholdsreglar

  • barn og fyrstikker høyrer ikkje saman.
  • ikkje brenn gras og avfall nær hus.
  • sørg for riktig bruk og vedlikehald av elektrisk utstyr, traktor osv.
  • vær forsiktig ved bruk av vinkelslipar, sveiseapparat og anna arbeid som krev høg varme. Sørg for å ha brannslukningsapparat tilgjengeleg.
  • pass på når du tømmer aske. Avkjøl med vatn.
  • lær deg å bruka slukkeutstyr og vit kor du finn det.
  • reinhald og orden er godt brannvern.
  • skaff deg oversyn over rømningsvegar for folk og husdyr.
  • set deg inn i kriseplanen på bruket.
  • bruk ikkje vatn på brann i elektrisk anlegg!
  • heng ikkje brukt brannslukningsapparat tilbake på plass. Dei må leverast inn for påfylling.

Viss du mot formodning skulle oppdaga brann må du ta ansvar for å gjera dei riktige tinga:

  • varsla og hjelpa andre som er i faresona
  • prøv å sløkke branna
  • lukk vindauga og dører
  • varsle brannvesenet
  • forsøk å begrensa brannens vidare utvikling.
  • angrip rota av flammen slik at slukkemiddelet treff brannsona.

Ha ein nydeleg sommar!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *