Avklaringar i samband med nytt søknadssystem for produksjons- og avløysartilskot.

NLT har prøvd å få svar på ein del avklaringar i samband med nytt søknadssystem for produksjons,- og avløysartilskot.

  • Som det er informert om så er det to teljedatoar. I år 1. mai og 1. oktober med søknad 15. mai og 15. oktober.
  • Dyr som gjev grunnlag for avløysartilskot skal registrerast på begge teljedatoane og det vert oppgjeve tilskot basert på eit snitt av teljedatoane. Det vil seie at no etter første søknadsomgang er det berre halve tilskotet som vert oppgjeve. Det er først ved siste søknadsomgang ein får oppgjeve heile tilskotet.
  • Søknad om tilskot til avløysing skjer ved andre søknadsomgang. Det er berre grunnlaget som vert opplyst om ved første søknad.
  • Dersom maks tilskot ikkje er oppnådd ved søknad i oktober kan utgifter til avløysing for resten av året bli etterregistert fram til 10. januar.
  • Utbetaling av tilskotet vil skje i februar månad.
  • For slakta gris, gris solgt som livdyr og bikuber er det søknadsfrist 15. oktober. Føretak som søkjer om tilskot til slaktegrisar mv. og kryssar av om dette også på første søknad vil få berekna maksimalt tilskot til avløysing for det som er rapportert frå slakteri innan mars/april.
  • For sau og ammegeiter er det talet på sauer fødd føregåande år eller tidlegare og talet på ammegeiter, som føretaket disponerer 1. mai som vil bli lagt til grunn. Her er søknadsfrist 15. mai.
  • Vi er lova å få elektroniske filer for å lese inn opplysingar maks tilskot i programma våre i starten av juni og november.
  • I 2017 kan søknadar leverast og verta korrigerte fram til 29. mai.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *